INGIERÅSEN: Flagget som vaier på Ingieråsen ungdomsskole er et alternativ til regnbueflagget.

– Heis Pride-flagget

Merete Anita Utgård mener skolens Pride-grep utstråler en feig holdning. Nå kommer hun med klar melding til rektor og ordfører.

Publisert


NB: Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innholdet representerer personens meninger.

Kjære ordførar og rektor på Ingieråsen ungdomsskule

Eg er skuffa og lei meg over at kommunen let det vere valfritt for skulane å flagge med prideflagget, og over at Ingieråsen ungdomsskule vel å ikkje flagge.

Pride står for retten til å elske den du vil, for mangfald og likeverd. Det burde ei sjølvfølge i 2026, men det er dessverre ikkje det. Mange skeive opplever hets, hat, diskriminering, mobbing og utestenging. Mange står aleine i det og kjenner einsemd og usikkerheit.

Difor er det viktig at både einskildmennesket, institusjonar og storsamfunnet støttar opp om pride og fjellstøtt sender signal om at alle har rett til å elske den dei vil, og at alle er like mykje verdt.

SKRIVER PÅ OAVIS: Merete Anita Utgård forstår ikke avgjørelsen til Ingieråsen-rektor, Erling Berrum.

– Vi skal ikkje tole homofobi

Det er ei kjensgjerning at ein del menneske er i mot pride og markering av dette, men eg forstår ikkje kvifor vi skal la slike skadelege motkrefter vinne fram. Vi skal ikkje anerkjenne alle meiningar like mykje.

Kjærleik mellom jente og jente og mellom gut og gut er like fantastisk og like mykje verdt som all anna kjærleik. Vi skal ikkje tole homofobi. Pride handlar ikkje om politikk, det handlar om grunnleggjande menneskeverd og likebehandling.

Prideflagget er eit universelt symbol, utvikla gjennom tiår med kamp for rettar, synlegheit og respekt. Eg kan ikkje kome på ein einast god grunn til at kommunen ikkje med rungande stemme høgt og tydleg skal støtte pride og verdiane her. Kvifor skal ein få lov til å velje vekk pride? Kvifor tek ikkje kommunen ansvar her?

Det utstrålar ei feig haldning.

Kva signal sender det til elevane?

Like skuffa er eg over at Ingieråsen ungdomsskule vel å ikkje bruke prideflagget. Dei har i staden laga eit eige flagg.

Kva signal sender det til elevane? At inkludering må tonast ned? At støtte til skeive må pakkast inn i noko mindre tydeleg fordi nokon ikkje likar at gutar elskar gutar og jenter elskar jenter?

Det utstrålar ei feig haldning der ein er så oppteken av å gjere alle til lags at det som blir att er heilt tannlaust. Igjen så er ikkje prideflagget tilfeldig, det er eit kraftfullt og universelt symbol. Og igjen så er ikkje alle meiningar like mykje verdt. Å velje vekk prideflagget til fordel for eit heimelaga flagg sender inga støtte til dei skeive som treng støtte. Det er unnvikande, utydeleg og skaper ikkje eit inkluderande fellesskap der alle elevar kjenner seg verdfulle.

På ein skule på Holmlia har prideflagget – for andre året på rad – blitt saga ned. Det burde skjerpe viljen til å stå opp for det. Så kjære ordførar og rektor; her må de snu. Heis prideflagget og rop høgt ut at alle har rett til å elske den ein vil!

Merete Anita Utgård

Hva mener du?

Har du meninger om denne saken eller andre saker?

Skriv til oss på debatt@oavis.no

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS