Dikt: Grillpølsa og sjukeheimen
Leif Alnes har ting på hjertet. Denne gangen kom det i diktform.
Alle veit korleis grillpølsa blir til.
Men ingen snakkar om det.
Grisen har eit kort liv. Trangt i bingen.
Jaga inn i ein trailer i ungdommen.
Tre etasjer.
Kaldt om vinteren. Varmt om sommaren.
Lange avstandar.
Toten Transport A/S?
Straum. Slaktekrokar. Partering. Kverning. Pølse.
Slik er det.
Men ingen snakkar om det.
Det er best å la vere.
Då kan vi fortsatt tru på ein glad gris.
Alle veit korleis det er å jobbe på sjukeheim.
Det kan vere fine stunder.
Gamle kan så mangt og vil så gjerne.
Dei blir så glade.
Men dei gode stundene er sjeldne, trur eg.
Nesten alltid lita tid.
Åleine om natta.
Rekk ikkje alle.
Bruk bleien.
Leiarane på sjukeheimen veit.
Leiarane i rådhuset veit
Politikarane veit.
Folk flest veit.
Kvifor snakkar vi ikkje om det?
Då ville livsløgna sprekke.
Tek eg feil?
Ingen kommunikasjonssjef har sagt noko anna.
Få veit korleis det er å bu på korttidsavlastning.
Færre fortel noko om det.
Men det er eit lotteri med små og få gevinstar.
Kvifor snakkar vi ikkje om det?
Kvifor?
Du veit svaret, trur eg.
Leif Alnes
PS: Diktet er skrevet før jeg hadde skikkelig innsikt i for en fantastisk innsats pleierne på sykehjemmet gjør under krevende forhold.